Sunndalskoret Grøa Songlag

KORLØFT 2009

 

Sunndalskoret Grøa Songlag, Jazzåkoret, Dalen Mannskor og Øksendal Songlag hadde en fantastisk artig seminarhelg sammen med Øystein Fevang.

Initiativtakar Bodil Hagerup Lægreid fekk ideen hos NRK.

Foto: Ola Mulvik

 

Les mer om seminaret HER.

 

Foto: Ola Mulvik

 

 

 

 

 

 

 

 

Dirigent Øystein Fevang,
kjent for NRK-programmet
'Den syngende bydelen'.

 

 

 

 

 

 

 

 

Heder til Bodil Hagerup Lægreid

På korseminaret «Det store korløftet» i helga var det ei som fekk seg ei stor overasking, nemleg initiativtakaren sjølv.

 

Ho som skulle ha regien på det meste denne helga, Bodil Lægreid, visste ikkje kva leiar for Norges Korforbund Nordmøre, Else Brandvoll Andresen, hadde med i veska.

 

Midt i lunsjen laurdag vart den avbroten med ei overrekking av diplom og blomar til Lægreid for lang og tru teneste i korarbeidet i Sunndal og Norges Korforbund.

 

Allereie i 1959 melde Lægreid seg inn i kor, og då ho kom til Sunndal tidleg på 70-talet, vart ho straks med i Sunndalsøra Blandakor, der ho og etter nokre år vart dirigent.

 

Dette meinte Norges Korforbund var grunn til å markere og gjere heider på.

 

Det meinte og alle deltakarane på «Det store korløftet» som spontant reiste seg og ga dirigenten i Sunndalskoret Grøa Songlag og Dalen Mannskor ståande applaus.

 

I takketalen framheva Bodil Lægreid kor flott det er å vere med i eit kormiljø.

 

– Songen og korarbeidet har gitt meg mykje, eg starta i kor som 12-åring, og for meg har det vore helse i kvar ei tone eg har sunge. Eg vonar fleire kan få oppleve det slik, understreka ho.

 

 

Som en flott avslutning på seminaret fremførte Øystein Fevang "Music of the night" fra musikalen "Phantom of the Opera".

Vi trenger alltid flere sangere - et kor kan vel aldri bli stort nok?

Møt opp på øving eller ta kontakt med noen i koret eller styret. 

Onsdager kl. 19:30 i Musikkrommet på Sunndal ungdomsskole.

 

Vi har det "kjøle" artig når vi øver, og enda artigere når vi opptrer!